Naturvernforbundet spør om miljørekneskapen for Nordøyvegen

Epost til Bjørn Sandnes, ordførar i Haram og styreleiar i Nordøyvegen.

Naturvernforbundet har etter det eg kjenner til ikkje uttalt seg til planane om Nordøyvegen tidlegare. Eg finn heller ikkje plandokumenta på heimesidene til prosjektet.

Uansett, i kronikken i Sunnmørsposten i dag skriv du: ”Miljørekneskapet viser også positive verknader ved utbygging av Nordøyvegen i høve til dagens transportløysingar.”

Dette tyder at det er utarbeidd ein miljørekneskap for prosjektet. Denne vil vi gjerne ha kopi av, helst på epost til moreromsdal(a)naturvern.no. Kven har forresten laga miljørekneskapen, når og med bruk av kva metodikk?

Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05

styremedlem

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Postadresse: 6630 TINGVOLL

Epost moreromsdal(a)naturvern.no

Internett www.naturvern.no/moreromsdal