Naturvernforbundet tipsar politiet om steinbrot på Vikebukt
Naturvernforbundet har fått eit tips om arbeid med eit steinbrot. Sidan det var høgst usikkert med løyve knytt til dette arbeidet spurde Naturvernforbundet kommunen om dei kjente til saka og om dei hadde gjeve løyve. Det har ikkje vore mogleg å finne noko slikt løyve, noko som har fått Naturvernforbundet til å tipse politiet.
Det er gjennomført store tiltak, som boring, sprenging og transport av stein til ukjent formål. Vestnes kommune har ikkje svart på spørsmål om tiltaket er lovleg.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet