Naturvernforbundet varslar auka fokus på fiskeoppdrett
Årsmøtet til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vedtok ei skjerping av arbeidet med fiskeoppdrett i arbeidsprogrammet for 2010. Elles held auka i medlemstal i Naturvernforbundet fram, og Øystein Folden tok attval som leiar.
Fylkesårsmøtet i 2010 blei arrangert på Ørskogfjellet, i samband med at Naturvernforbundet markerte sitt 40-årsjubileum her i fylket. Det blei også arrangert eit internt strategi- og mediearbeidsseminar i forkant av årsmøtet.
Fylkesstyret i Naturvernforbundet i 2010 har desse medlemmene:
Øystein Folden (fylkesleiar, Tingvoll)
Yngve Birkeland (Ålesund og omegn)
Bernt Gjelsten (Vestnes)
Japke Stobbe (Molde)
Gunn Nordheim Morstøl (Rauma)
Nora Overvoll Gaffari (Natur og Ungdom)
Knut Løken (fritt grunnlag, vald for 2010 – 2012)
Øystein Solevåg (fritt grunnlag, vald for 2009 – 2011)
Elles vedtok fylkesårsmøtet ei utfordring til samferdselsutvalet.
Referat frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Årsmelding 2009 og arbeidsplan 2010
Presentasjon medietrening – del 1
Presentasjon medietrening – del 2
Frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 2010