Naturvernforbundet vil ha batteridrift på ferga Eidsdal – Linge
I eit innspel til klimaplanen for Møre og Romsdal fylke lanserer Naturvernforbundet ei rekke tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå samferdselssektoren i fylket. Medan elektrifisering av fergesambandet Eidsdal – Linge truleg er lite kontroversielt, vil nok forslag om å stryke løyvingar til klimaforureinande vegsamband og forslaget om å styre meir av midlane til gang- og…
Som ein del av arbeidet med å utarbeide ein fylkesdelplan for klima i Møre og Romsdal, inviterte fylket Naturvernforbundet og andre aktørar til ei samling om samferdsel i Molde i januar. Som ei oppfølging av denne samlinga har Naturvernforbundet utforma eit lengre innspel med totalt 20 klimatiltak som bør gjennomførast på samferdselsfeltet i vårt fylke. Naturvernforbundet har gruppert tiltaka i eit transporthierarki, ut frå tanken om at klimatiltak innan samferdsel kan nyttast på fleire nivå, eller til å oppnå fleire mål. Det er viktigast å gjøre noko med dei måla som er øvst i hierarkiet, men det tyder ikkje at klimatiltak som rettar seg mot dei andre måla ikkje er viktige.
A. Klimatiltak som rettar seg mot å hindre at transport oppstår:
1) Areal- og transportplanlegging – konkretisering av RPR for areal- og transportplanlegginga for Møre og Romsdal
2) Finne alternativ til å auke vegkapasiteten når vegen blir ”full”
3) Miljøsertifisering i transportselskap
4) Krav til fylket si eiga verksemd – mobilitetsplanlegging, transportoptimalisering, videokonferansar, Smart til jobben etc
5) Krav til klimavurderingar ved utarbeiding av prioritetslister i samferdselspolitikken – ”klimavasking” av eksisterande og nye planar.
6) Opprette og vedlikeholde gode oversikter over aktuelle kollektivtiltak og gang- og sykkelvegtiltak.
B. Klimatiltak som rettar seg mot å redusere energibruken til transport og å fremje alternativ som gir meir effektiv transport:
7) Belønningsordning både for kollektivtrafikk og gang- og sykkelvegar.
8) Gratis for passasjerar og kollekivtransport i rute på ferger.
9) Betre fergekaier gir kortere liggetid og kan kompenserast med lenger overfartstid
10) Kollektivplan for Møre og Romsdal.
11) Mindre bilkøyring på korte reiser.
12) Kysttimeekspressen og Timeekspress på Søre Sunnmøre.
C. Klimatiltak som rettar seg mot å redusere klimagassutsleppa frå transporten, t.d. gjennom avkarbonisering eller elektrifisering:
13) Stille krav om lågutsleppskjøretøy og -fartøy i offentlige innkjøp.
14) Ladestasjonar ved fylkeskommunale bygg og på fergekaiene.
15) Elektrifisering av fergetrafikk (Eidsdal – Linge)
16) Vri støtte frå fly og vegsamband til utgreiing av høgfartsbane for gods og personar.
17) Kjøreskolane med tilbod om økokøyrekurs.
D. Forskings- og utviklingstiltak:
18) Realisere klimagevinstene i godstransporten gjennom mer intelligent logistikk.
19) Meir klimaeffektiv sjøtransport.
20) Auka kunnskap om klimagassutsleppa frå samferdsel i Møre og Romsdal.
I tillegg til desse 20 klimatiltaka, meiner Naturvernforbundet at det vil vere naturleg at Møre og Romsdal, som både har sterke verksemder og sterke fagmiljø på feltet, driv med meir forsking og utvikling innan klimatilpassing når det gjeld godstransport. Som ein del av arbeidet med klimaplanen meiner Naturvernforbundet også det er viktig å gi politikarane i Møre og Romsdal ei god innføring i samanhengen mellom klimautfordringar og samferdsel.
Medan enkelte av tiltaka truleg bør vere enkle å gjennomføre, som utbygginga av ladestasjonar for el-bilar ved alle vidaregåande skoler og på alle fergekaier, så reknar Naturvernforbundet med hardare kamp for å få gjennomslag for prinsippet om at det ikkje skal byggjast ein meter firefeltsveg inn til byane i Møre og Romsdal, men at det må satsast for å løyse transportomfanget i byområda på andre og betre måtar. Heller ikkje kravet om at kollektivtransport i rute skal reise gratis i alle bompengesamband har vist seg enkelt å gjennomføre i Møre og Romsdal, til tross for at dette har vore retningslinjane frå Stortinget dei siste 15 åra.
Ei grunnleggande utfordring innan samferdsel ligg i at fylket skal overta forvaltninga av øvrige riksvegar frå 2010. Naturvernforbundet har tidlegare peika på at fylkespolitikarane på dette feltet «stel» pengar frå gang- og sykkelvegar, kollektivtiltak og trafikktrygging for å bruke dei på store prestisjeprosjekt med minimal miljø- og tryggleikseffekt. Når dei same politikarane etterpå er «opprørte» eller «sjokkerte» over auken i trafikkulukker eller nedgangen i talet på barn og unge som går og syklar, nyttar Naturvernforbundet ordet «krokodilletårer». Kanskje vil overføringa av økonomisk ansvar også gi overføring av ansvarskjensle for trafikantar og miljø; fylkesdelplanen for klima vil gi litt av svaret på dette.
Kontaktpersonar for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42 og fylkesstyremedlem Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen