Naturvernforbundet vil ikkje ha flytebrygge i Olsvika
Naturvernforbundet i Ålesund og omegn meiner omfanget av flytebrygger i strandsona i Ålesund har gått for langt.
Vi har fått kopi av søknaden sendt Ålesundsregionens havnevesen og reknar med at søknaden til Ålesund kommune samsvarer med denne.
Naturvernforbundet i Ålesund og omegn kjempar for at strandsonen ikkje skal nedbyggast og privatiserast i større grad enn den allereie er blitt, jamfør fleire høyringsuttaler som vi har sendt dei seinare år.
Vi har via heimesida til Ålesund kommune freista å få oversikt over stadfesta planer som er gjeldande for dette området. Slik vi finn det både i gjeldande reguleringsplan frå 1981 og kommuneplanen for 2007-2020 er eigedomen 34/63 (inkludert påståande naust) regulert til bustadformål.
Dersom ein legg til grunn reguleringsføresegnene frå 1981 er der klare føringar knytta til nausta (i området regulert til dette), dvs. dei skal kun nyttast til ”lagring av småbåter og tilhørende utstyr”. I så måte vil ei flytbrygge av denne storleik med plass til 4-6 båtar ha anna formål enn heimla i reguleringa frå 1981, likeeins harmonerer det lite at denne skal vere i tilknytning til naust (eit eksisterande naust dimensjonert til ein liten båt).
Vidare saksar vi frå tekstdelen i Kommuneplanen:
19.6 Nye reglar for bygging i strandsona
Det er stort press på bygging i standsona både med naust, utlegging av flytebrygger og etablering av småbåthamner. Naust og båtar vert stadig større og privatisering av strandsona aukar. Dette saman med mangelfulle reglar for bygging i strandsona gjer det nødvendig å innføre nye reglar som skal gjelde for heile kommunen.
Bystyret fatta 21.02.2008 eit vedtak som følger:
”Naust bør byggast i tradisjonell nauststil og det bør også settast krav til utforming av nauststøene. Utlegging av flytebrygger bør avgrensast. Det er sett krav om regulering av småbåthamnene der særlig miljøforhold skal vektleggast.”
Ved studie av flyfoto ser ein eksisterande gamal stø for opptrekk av båt tilpassa storleiken på naustet.
Vi ber difor om at kommunen ikkje godkjenner søknaden om flytebrygge.
Slik det regulerte området framstår i dag ber det preg av vilkårlege løyver og utbygging. Området vest for omsøkte eigedom framstår i dag som tilnerma småbåthamn. Vi ber difor kommunen rydde opp i eventuelle liberale fortolkingar av eksisterande reguleringsplan og løyver gitt i området, også for området austover mot regulert badeområde.
Med vår fokus på strandsona ber vi likeeins at kommunen inntar ei restriktiv haldning til søknader om brygger i tilknytning til følgande eigedomar:
Gnr. 11 – bnr 135 Eikenosvågen
Gnr. 33 – bnr. 2 Alvika
Kontaktperson for denne saka er leder i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn, Kjersti Finholt, telefon 92 29 97 38.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Uttale fra Naturvernforbundet i Ålesund og omegn til Ålesund kommune