Nei til industriområde og djupvasskai på Husøya i Kristiansund!
Kristiansund kommune foreslår å regulere eit større område på Husøya til industriområde og djupvasskai. Frå Naturvernforbundet si side er vurderinga av denne reguleringsplanen mellomdei vi er sikre på kva vi meiner om: Denne reguleringa bør ikkje finne stad.
Naturvernforbundet meiner dei foreslåtte planane vil ha store negative verknader for naturverdiane, både på Fugløya og Bolgleira. – Vesentlege delar av Husøya bør i staden tilbakeførast til LNF-område slik at det kan vere ein viss buffersone mellom eventuell anna verksemd og det verna området på Fugløya, meiner leiaren i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42