– No bør NVE sette ein stoppar for dette uverdige spelet
NVE har vore klar i si tale før i denne saka då Rauma Energi As sine tiltak i retning Storhaugenalternativet har vore avvist tidlegare. Naturvernforbundet dokumenterer i sin siste gjennomgang igjen at Rauma Energi sine planar for utbygging av Verma er uakseptable.
Naturvernforbundet har sendt ei orientering til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om den debatten som går mellom Naturvernforbundet og Rauma Energi om alternativa for opprusting av Verma kraftverk. – Rauma Energi as sitt omsøkte forslag manglar dispensasjon og Storhaugen er avvist på nytt av Stortinget i vår, seier fylkesleiar i Naturvernforbundet, Øystein Folden. – No er det berre Naturvernforbundet sitt alternative forslag som kan føre til opprusting av Verma kraftverk. Alternativet er å legge ned kraftproduksjonen. Etter den synfaringa Rauma Energi gjennomførte no i sommar, ser Naturvernforbundet sitt alternative forslag ut til å vere meir robust og mindre usikkert teknisk sett enn Rauma Energi as sitt eige forslag, samtidig som utfordringane er løyst like godt som i det omsøkte alternativet. Moglegheita for masseoverskot i Naturvernforbundet sitt alternativ er også løyst. – Naturvernforbundet sitt alternative forslag vil føre til minimal driftstans i kraftproduksjonen i Verma, seier Folden. – Naturvernforbundet sitt alternative forslag vil ikkje ha verknad på Vermedalen naturreservat, og vil ikkje bli synleg frå Verma. Naturvernforbundet peiker i brevet til NVE også på at Rauma Energi sine planar om auka slukeevne for Verma kraftverk kan vere negativt for Rauma. Rauma blei verna i 1993. – Naturvernforbundet kan ikkje akseptere at kraftutbyggjing skal rasere verneverdiar, seier Folden, som avsluttar brevet til NVE med eit hjartesukk: – Rauma Energi As si utstrakte «informasjonsverksemd» mot det politiske miljøet, finansiert med overskot av utnytting av naturressurar dei ikkje betaler noko større for, er svært krevjande for friviljuge organisasjonar som Naturvernforbundet som må samle inn pengar for å kunne gjere noko tilsvarande. NVE har vore klar i si tale før i denne saka då Rauma Energi As sine tiltak i retning Storhaugenalternativet har vore avvist tidlegare. NVE bør setje ein stoppar for dette uverdige spelet som no går føre seg.
Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen