Oppdrettar på stemmefiske?
Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Nyleg har vi lest at Lerøy Hydrotech gir av sitt overskot som gode gåver til Nordmørskommunane. 1,3 millionar har kommunane fått til meir idrett/kultur.
Slik Naturvernforbundet kjenner oppdrettsnæringa så gjer dei aldri noko utan at dei trur dei har utsikt til å tene pengar. At dei no gir bort pengar berre av godheit, ville vere litt av ei endring. Det er vel dårleg gjort ikkje å oppfatte noko i beste meining, men vi skal ærleg innrømme at denne gongen lurer vi på kva som kjem etter desse pengane. Det liknar vel mest på smøring dette.
Naturen har vore litt i motbakke den seinare tida. Kor mykje vil de ha de Nordmørskommunar for å kunne sjå med godvilje på naturen framover?
Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal