Påverking av naturen på Fløystadfjellet –
Kva veit Fred. Olsen Renewables om den naturen dei kan kome til å påverke med sine planar?

Fred. Olsen Renewables fortel at dei tar omsyn til naturen når dei vil søkje om å få bygge vindkraftverk på Fløystadfjellet. Er det noko dei seier, eller har dei mykje kunnskap om naturen i dette området. Det vil Naturvernforbundet i Tingvoll vite noko om no. Brev er sendt. Miljøinformasjonslova seier at svar må ligge føre innan ein månad.