Timeekspress over Averøy?
Lesarbrev fra Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Ordførar Haga har tinga seg bussavgangar mellom Kristiansund og Molde over Averøya. Ein god tanke. Men kvifor har Haga og andre politikarar gjort det så vanskeleg for seg?
Naturvernforbundet har i årevis arbeidd for at det skal bli meir bruk av kollektivløysingar i trafikken. Føre kvart val har politikarane lova at dette skal bli betre, og innan valperioden er over har dei gjort vedtak som i praksis har gjort tilbodet dårlegare. Dette som følgje av at politikarar gong etter gong gir etter for ei tilrettelegging på bilen sine premiss. I Møre og Romsdal finst det truleg berre eit unnatak, og det er vedtaket om Timeekspressen for nokre år sidan.
Kva skal så til for at bussruter skal lukkast?
Enklaste måten å få på plass føresetnadene for at bussen skal bli eit bra alternativ er følgjande:
– Betaling berre for køyretøy og ikkje passasjerar i tillegg i Atlanterhavstunnelen.
– Høgare parkeringsavgifter i byane og gjerne færre parkeringsplassar.
– Vegprising i byar og tettstader, slik at det kostar meir å køyre på desse stadene i periodane når det går buss. Innkome går til å setje ned prisen for kollektivtrafikken og til tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar.
Å redusere det busstilbodet som no finst mellom Kristiansund og Molde over Krifast vil vere feil. Årsaka til at Timeekspressen har vore såpass vellukka er at bussane går kvar time, og det må ein ikkje tukle med no.
Alt dette dreier seg om politikk. Den seinare tida har vi jo og funne ut at dette er klimapolitikk og ikkje berre samferdselspolitikk. På klimasida har vel dei fleste politikarane no oppdaga at vegtrafikken er mellom dei store bidragsytarane når det gjeld klimagassutslepp. Venteleg må ein redusere privatbiltrafikken til berre nokre prosent av det som er no. Stå på politikarar! Gi folket meir buss og løys samtidig ein del av klimagassproblemet.
Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen