Torskeoppdrett i Ålvundfjorden – truleg ein dårleg ide
Når Nordmøre torsk AS/Gadus group vil auke produksjonen av torsk i merd enormt, kan ein tenkje at dei problema som har kome med lakseoppdrett no melder seg også for torsk.

Naturvernforbundet har ikkje blitt mindre uroa av å gå gjennom søknaden i Ålvundfjorden i Tingvoll kommune. Vi ser ei verksemd som er viljug til å ta risiko med den ville torskebestanden. Naturvernforbundet er ikkje viljuge til dette. Truleg kan søkjar spare seg økonomiske utlegg ved å trekke tilbake søknaden. Vil dei gå vidare, må det til ei konsekvensutgreiing som går vesentleg meir grundig inn i ein del spørsmål enn det søkjars sitt dokument gjer.