Utvida høyring søknad om midlertidig nedtapping av Svartevatna – Vartdal – Ørsta kommune
Vartdal Vassverk v/Håvard Vartdal søker om tillatelse til midlertidig nedtapping av Svartevatna i Vartdal med inntil 3 meter. Bakgrunnen er at Risaskarvatnet, som forsyner vassverket via Vartdal kraftverk, langt på vei er nedtappa etter ein lang periode med lite tilsig. Naturvernforbundet ønskjer nokre vilkår.
Situasjonen som er skildra i søknaden gir ikkje så mange val. Naturvernforbundet sitt lokallag i Ørsta og Volda saman med Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ikkje merknad til løysinga i den akutte situasjonen. Men vi ønskjer at det blir sett nokre vilkår:
1. Forbruket av vatn til kraftproduksjon må vurderast på nytt slik at ein tar omsyn til at vatnet som er regulert held for pårekneleg forbruk også i vintre som i år.
2. Viss vassforbruket er for stort t.d. ved oppdrettsverksemda slik at forbruket uansett blir for stort i vintre som no, må opprettsverksemda eller anna forbruk tilpassast den faktiske tilgangen på vatn.
3. Manøvreringa til våren når det blir fylling av magasina må gjerast slik at normaltilstand innanfor konsesjonsvilkåra blir nådd så snart som råd.
Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen