Vassdraga Sunnmørsposten vil bygge ut
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Sunnmørsposten slår i sin leiar 7. mars fast at det er kraftkrise i Møre og Romsdal.
For fire år sidan var dette noko «alle» var samde om. Naturvernforbundet meiner «krise» er eit ord som skal nyttast når folk døyr av farlege klimaendringar, ikkje når innbyggarane i Noreg må betale litt meir for straumen sin. Naturvernforbundet tok difor tak i den dokumentasjonen som var tilgjengeleg. Vi hadde møte med dei ulike aktørane og vi kontakta fagmiljøa. Vi arrangerte også eit seminar hausten 2006 med brei deltaking (ikkje frå Sunnmørsposten).
På bakgrunn av dette omfattande arbeidet har Naturvernforbundet publisert ein rapport som slår fast at det ikkje er grunnlag for å bruke ord som «krise». Naturvernforbundet slår fast at prisane på straum i Midt-Noreg kan bli høge dersom vi får tørt og kaldt ver over svært lang tid, men ei kraftig satsing på energifrigjering og nye fornybare energikjelder vil gjere gasskraftverk og monsterlina frå Fardal til Ørskog unødvendige. Statnett, NVE, Olje- og energidepartementet og Statistisk Sentralbyrå har i ulike høve gitt Naturvernforbundet rett i mykje av det vi har skrive, og vi har til no ikkje fått tilbakemeldingar på at noko er gale. For godt til å vere sant er det næraste i så måte.
Når Sunnmørsposten no ønskjer å halde fast ved myta om kraftkrise, er det neppe basert på fakta om energisituasjonen.
I leiaren i Sunnmørsposten står det også: ”Fortsatt er det vassdrag som kan utbygges uten å ødelegge store naturverdier, og det er dessuten et faktum at situasjonen for klimaet nå gjør at vurderingen av den mest forurensningsfrie av alle kraftformer, bør sees i et annet lys.”
Naturvernforbundet vil minne om at ingen kraftproduksjon kan seiast å vere miljøvennleg. Det næraste vi kjem miljøvennleg kraft er straum som er til overs fordi vi reduserar forbruket. Også Sunnmørsposten har erkjent at utbygging av ny kraftproduksjon vil ha store negative miljøkonsekvensar. Difor har avisa på leiarplass gått hardt ut mot planane om vindkraftutbygging langs kysten vår.
Slik Naturvernforbundet ser det, er det ikkje berre vindkraftutbygging som har negative konsekvensar. Den omfattande vasskraftutbygginga vi har hatt og framleis har i Møre og Romsdal har også tatt frå oss store naturverdiar. Kan Sunnmørsposten vere så vennleg å liste opp dei vassdraga i våre område som no kan byggast ut utan å øydelegge store naturverdiar, og vassdrag som bør vurderast på nytt?
Den siste utviklinga når det gjeld energispørsmål i Møre og Romsdal aktualiserar Naturvernforbundet sitt forslag til løysing. Stimulans til å bruke straumen betre kan ordnast politisk, og resten er så lønsamt at det er utsikt til at det blir gjennomført. Det er tale om løysingar i form av hyllevare, med kort leveringstid og det er ikkje nødvendig med konsesjon eller løyver.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen