Klage på «Endret tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven» for Rana Gruber
Naturvernforbundet påklager vedtaket om at Rana Gruber får økt utslippstillatelse.
Vi viser til brev med ref 2011/1191, vedlagt «Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Rana Gruber AS», datert 17.12.2012.
Vi vil med dette påklage vedtaket om løyve til Miljøverndepartementet, og har følgjande kommentarar og krav til vedtaket om endra løyve:
Klagen følger vedlagt. Konklusjonane er:
1. Løyvet til auka utslepp av gruveavgang i Ranfjorden må bli trekt attende.
2. Det må bli innført tiltak for å redusere dagens spreiing av slam i øvre sjikt av Ranfjorden som omtalt i løyvet. Fristen for å innføre slike tiltak må vera kort og det må settas i verk overvaking av resultata.
3. Vi er glade for at det blir stilt krav om redusert utslepp av gruvekjemikaliar i avgangen. Dette kravet må oppretthaldast.
4. Det er bra med krav om ein vesentleg reduksjon av faststoffkonsentrasjonen i utslepp til Ranelva, men dette må også bli følgt opp med eit tak for årleg utslepp. Søknadspapira frå Rana Gruber uttrykker at endra driftsform vil gje vesentleg større vassmengd enn tidlegare, og antyder opp til 4 gongar så stort utslepp av faststoff utan tiltak (4.8.2 Utslipp frå Rana Gruber AS til Ranelva). Det er ut i frå dette uklart kor mykje faststoff som vil bli slept ut, og viser at det er behov for eit øvre tak for totalt utslepp av faststoff til elva.
5. Det er bra at Rana Gruber er pålagd å etablere ein avfallshandteringsplan som mellom anna skal omfatte alternativ bruk av avgangsmassane, men vi reagerer på at gruva ikkje er pålagd å lage ein plan om reelt sett å etablere eit opplegg med alternativ bruk eller tilbakefylling i gruva før dei får løyve til å auka produksjonen. Avfallshandteringsplanen bør minst innehalda følgjande i tillegg til det som følgjer av KLIFs vedtak:
a. Utgreiing av korleis ein kan organisere gruvedrifta (seksjonering etc.) for å kunne fylle vesentlege delar av avgangsmassane attende i gruva.
b. Etablering av tidsfristar for vesentleg reduksjon av deponibehovet gjennom alternativ bruk og tilbakefylling. Løyve til auka produksjon må bli knytt opp mot tilsvarande redusert deponibehov.
c. Plan for stans i dagens utslepp av gruveavgang i Ranfjorden innan 2021. Dei nye forvaltingsplanane for vassregionane skal tre i kraft 2015 og vare til 2021. Målet med forvaltningsplanane er å få minimum «god tilstand» i vassforekomstane. Overvakinga av fjorden viser at den er sterkt påverka av det utsleppet som har vore frå gruva. Difor er det stor grunn til å rekne med at eit auka utslepp vil forverre situasjonen. Difor må det i staden for større utslepp gjennomførast tiltak som får tilstanden i vassforekomstane opp på minst «god tilstand».
Ut i frå vår tolking av naturmangfaldlova, vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv, er utsleppsløyvet i strid med både naturmangfaldlova, vassforskrifta og med EUs vassrammedirektiv.
Vi vil også hevde at det er motstrid mellom KLIFs vurderingar av § 12 i vassforskrifta som grunnlag for aksept av utsleppsauken til Ranfjorden og dei vurderingane Direktoratet for Naturforvaltning har gjort når det gjeld utslepp av gruveslam.
Helsing Erling Solvang Leder Naturvernforbundet i Nordland 95254075 Helsing Lars HaltbrekkenLeder i Norges Naturvernforbund Tlf: +47 91612191 Skype: lars.haltbrekken