Avviser motorsport i Revheia
Et motorsportanlegg på Revheia i Time kommune vil legge beslag på et areal tilsvarende 200 fotballbaner. Planene må skrinlegges mener Fremtiden i våre hender, Jæren, Jordvernforeningen og Naturvernforbundet i en fellesuttalelse.
Her er uttalelsen i sin helhet:
Til: Rogaland Fylkeskommune
Regional- og kulturutvalet
Sak 02/11 Regionalt motorsportsanlegg i Rogaland søknader om regional status.
Me sluttar oss til Fylkesrådmannens vurderingar, og ser dette som ueigna lokalitet.
Revheia (Time) som del av regionalt motorsportsanlegg.
Når dette alternativet for oss noko overraskande framleis ”er med”, ønskjer me kort tilføye våre synspunkt som del av avgjerdsunderlaget.
Etter vurdering, endrar ikkje ei delt løysing mellom Sokndal og Revheia (Time), våre opphavlege synspunkt, då;
– omtenkt anlegg Revheia er like arealkrevjande som tidlegare frittståande forslag.
– me ikkje kan sjå lagt inn tilrekkelege garantiar mot eventuelle seinare oppgåveendringar
Me er negative til oppbygging av motoranlegg i størrelse 200 fotballbanar i området Mosvatnet / Fjermestad, grunngjeve med omsynet til:
- Naturmiljø
– Det er ikkje utgreidd for Co2 utslepp knytt til opplyst ca 200 da myr som inngår i plan.
– Sterkt mangelfull utgreiing for førekomstar av mellom anna Salamander og Hubro.
– Området ligg dels i vassdragsbeltet til verna vassdrag.
- Friluftsliv
– Området er i vekst som lokalt rekreasjonsområde for mellom anna Lye og Kverneland.
– Det er tilrettelagt og stimulert for turgåing i området, understøtta av grunneigarar.
– Time anbefaler i kommuneplan oppvekting av turområda her i regional samanheng.
- Jordvern
– Fleire hundre dekar dyrkbar jord i tillegg til rundt 70 da(?) fulldyrka jord inngår i plan.
– Eventuellstøy/sjenanse frå anlegget vil avgrense framtidig utbygging av Njåfjellområde.
Me tek til orientering at dei anteke mest publikumsintensive aktivitetane kan realiserast i Sokndal.
Med helsing
Naturvernforbundet i Rogaland, Fremtiden i våre hender, Jæren og Jordvernforeningen i Rogaland.