Korleis få attende dei artsrike slåttemarkene?
Dette spørsmålet var tema under foredraget om slåttemarker på vårens siste Natur på torsdag-foredrag

Slåttemarkene er ugjødsla enger som tradisjonelt sett vart slått for å skaffe vinterfôr til husdyra. Svært mange artar har slåttemarkene som leveområde, men i dag har både slåttemarkene og mange av artane som bur der, vorte sjeldsynte.
På nordsida av Mostun natursenter er me i gong med å etablere vår eigen slåttemark. Då senteret vart bygga i 2016 vart det øvste jordlaget fjerna og erstatta med sand for å danne eitt skrint jordsmonn. Dette vart gjort for å legge til rette for artane som høyrer til i dei næringsfattige slåtteengene. Botanikarar henta i 2017 frø frå lokale slåtteengsartar som no er planta i marka.
Torsdagskveld hadde Naturvernforbundet sin foredragsserie «Natur på torsdag» vårens siste foredrag kor nettopp slåttemarkene stod i fokus. Rune Søyland frå Ecofact, Birgitt Harstad frå Norsk Landbruksrådgivning og Audun Steinnes frå Fylkesmannen i Rogaland delte sin ekspertkunnskap og sine erfaringar under foredraget.
Presentasjonane med meir informasjon ligg open for alle her i artikkelen.