Riksantikvaren åtvarar mot vindkraft på Stad-Selje
Riksantikvaren åtvarar mot vindkraft i området Stad-Selje. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane får støtte i sin motstand til planar om vindmøller på Stadlandet.
I rapporten åtvarar Riksantikvaren mot vindkraft i sårbare kystområde i Sogn og Fjordane og held fram tre område: Stad–Selj, Vingen–Rugsund–Skatestraumen og Kinn–Årebrot–Botnane. I desse områda vil vindkraft vere i stor konflikt med landskap og kulturminne, hevdar Riksantikvaren.