Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane seier nei til taretråling i sjøfuglreservat
-Sjøfuglreservat er til for å gi sjøfuglane trygge livsvilkår og gode hekkelokalitetar med tilhøyrande vegetasjon og dyreliv i sjø og på land. Taretråling er i strid med dette formålet, seier Torleif Jacobsen, leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
I ei sterkt kritisk høyringsfråsegn til Fylkesmannen, går laget imot endring av verneføreskriftene og opning for hausting av tare innanfor eksisterande sjøfuglreservat.
– Der peikar vi óg på at det er for dårleg bakgrunnsmateriale og kunnskap om det biologiske mangfaldet i tareskogen, seier Jacobsen.
Les høyringsfråsegn
Les høyringsfråsegn frå Norges Naturvernforbund