Uroa over omfanget av småkraftverk
Stadig fleire fossar forsvinn på grunn av utbygging av småkraftverk. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ligg på landstoppen.- Vi er ikkje imot alle mikro- og minikraftverk, men med det er det aukande omfanget som er problemet, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.
Ifølge NRK Sogn og Fjordane har Norges vassdrags- og energidirektorat til no i år gitt meir enn dobbelt så mange konsesjonar som i fyrste halvår i fjor.
Alvar Melvær i Sogn og Fjordane Turlag meiner at fem av sju velkjende turistfossar langs Sognefjorden står i fare for å bli utbygde.
– Ei rekkje verdiar står på spel. Reiselivsnæringa må kome på banen, oppfordrar Lars Haltbrekken.