Aktivitetar i fylkeslaget sommar og haust 2005
Her finn du ei liste over aktivitetar i fylkeslaget Sogn og Fjordane, sommar og haust 2005.
Søndag 5 juni : Verdens miljødag.
Samling kl. 14.00 på fiskesmåbruket Årdal (4 km frå Selje sentrum mot vest). Informasjon om bruket, underhaldning, matøkt og kaffi i kjel. Garnbøting, glaskulebinding, strikking og karding av ull. Bryning av ljå og ljåslått. Kulturløype.
Fredag 10 – søndag 12 juni: Landsmøte i Porsgrunn
Søndag 19 juni: Villblomen sin dag.
Tidspunkt frå kl. 14.00 til 16.00. Frammøte ved Helgås i Naustdal.
Går frå Helgås til Svistølen. Anne Johanne Schei er med som ekspert.
Ta med niste. Kontaktperson Åsmund Berthelsen tlf. 93237073.
Arrangement Villblomen sin dag i lokallaget på Eid. Blomekjennar Eli Heiberg, Naturforvaltinga, Høgskulen Sogn og Fjordane er med.
Laurdag 2 juli: Tur i Mørkrisdalen
Start frå Mørkri i Skjolden (Hyrnevollen) kl. 10.00. Vi går forbi Tjørnaholet på god sti med særprega vegetasjon til stølen Dullsete og langs Mørkriselva forbi flotte fossar til stølen Dalen. Her går vi over brua til vestsida av dalen og nedover igjen på noko dårlegare sti, passerer elva på bru igjen og så nedatt til Hyrnevollen . Turen vil ta 5-6 timar. Turen krev fjellsko e.l. Turleiar: Jon Farestveit (geograf). Johannes Anonby blir med som botanikar og fugleekspert. Kanskje vi kan få med ein lokal kjentmann. Overnatting i hytter eller på Fuglesteg i telt, for dei som ynskjer vere med på opning hytte i Fuglesteg.
Søndag 3 juli. Opning nyrestaurert steinstove i Fuglesteg i Fortun.
Laurdag 16 juli: Slåttekurs i samarbeid med Sogn Folkemuseum
Program:
09.30 Registrering. Kaffi
10.00 Innføring kort om typar ljå og ulik bruk, oppsetting av ljå, sliping av ljå. Praktisk innføring i bruk av ljå og vi trenar på å få inn rett teknikk
12.00 Slåttedagen opnar, musikalsk innslag Slåttegjengen går i skårgang og deltakarane på slåttekurset kan bli med. Raking og hesjing
14.00 Slåttekost i Leirmostova
14.15 Foredrag: Slå eit slag for slåtteenga. Kva for enger skal vi ta vare på, kvifor og korleis?
15.00 Framhald slått
16.00 Slått med hesteslåmaskin og bruk av venderive. Demonstrasjon
17.00 Avslutning og heimreis
Kursavgift: 300,- inkl. mat, kurs og lån av reiskap.
Påmelding til: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, tlf. 57678206.
Fax 57678511 eller e-post sogn.folkemuseum@dhs.museum.no
Frist påmelding: 08.07.05
Laurdag 27 til søndag 28 august: Markering motstand vindmøller på Stadlandet
Guida tur i området, kulturelle innslag og informasjon om SFE sine nye planar om Okla vindpark, Stadlandet. Sosialt samvær. Samarbeid med Stad landskap og privatpersonar og andre aktuelle organisasjonar.
Heng opp fylkeslaget sitt informasjonsskriv heime og bli med på aktivitetane våre framover. Meir informasjon får du hjå Astrid Kalstveit mobil 918 07 899 privat 57 72 53 75. Endringar kan kome. Ta kontakt!