Riksantikvaren åtvarar mot vindkraft i området Stad-Selje. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane får støtte i sin motstand til planar om vindmøller på Stadlandet.
Tidlegare miljøvernminister Knut Arild Hareide har utsett avgjerda om Kaldakari-prosjektet. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er glad det ikkje vart forhasta avgjerd i denne saka. Vi vonar ny regjering med SV sin nye miljøvernminister Helen Bjørnøy vender tommelen ned for helikoptertrafikk nær Jostedalsbreen nasjonalpark.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er kritisk til planar om ei gondolbane frå Vik sentrum og opp til fjellet Kyrrelvstupet.- Turistnæringa går i feil retning når dei vil ha slike anlegg, seier leiar Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordan til NRK. Han meiner Sogn og Fjordane bør satse på det som allereie finst.- Motorisert form for turisme er ganske unødvendig i eit fylke som Sogn og Fjordane.
Stadlandet er nasjonal naturarv og må vernast, meiner Naturvernforbundet, som i helga var med på ein konferanse i Ervik. Der stod spørsmålet om Stadlandet og Selje kloster er kvalifisert til å kome på UNESCO si verdsarvliste på dagsordenen.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utarbeidd eit forslag til forvaltningsplan for denne delen av UNESCO sitt siste verdsarvområde. Forslaget er sendt på ein brei lokal og sentral høyring. Våre berørte lokallag, fylkeslaget og sentralleddet har samla seg om ei felles fråsegn, satt i pennen av tidlegare leiar, Erik Solheim.
Stadlandskap og Naturvernforbundet ynskjer velkomen til Stad helga 24. og 25. september.
Stadig fleire fossar forsvinn på grunn av utbygging av småkraftverk. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ligg på landstoppen.- Vi er ikkje imot alle mikro- og minikraftverk, men med det er det aukande omfanget som er problemet, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.