Arsmelding 2016
ÅRSMELDING 2016
Dette er sakene vi på siste årsmøte valde å arbeide særskild med i 2016
- Halde fram arbeidet med å hindre fjorddeponi i Vevring
- Framleis arbeide mot overdriven vindkraftutbygging og vasskraftutbygging
- Saman med FNF arbeide for å hindre planane om gondolar og turistvegar til fjells i fylket, avgrense bygging av Via Ferrataer og hindre auka motorferdsel i utmark
- Arbeide med skogvern og jordvern
- Legge til rette for oppstart av lokallag som dekker heile fylket
- Arbeide for vidareføring av Oljefri i Sogn og Fjordane
- Få fleire av medlemene til å engasjere seg aktivt i laget
- Verve nye medlemmer og ta vare på dei vi har
Organisasjon
Årsmøte
Årsmøtet vart halde på Ålhus, Jølster 5. mars 2016.
Styret
Styret har hatt 5 styremøter i 2016 og har bestått av:
Leiar:
Marit Vøien Nes
tlf. 975 88 502
e-post: vo-ne@online.no
Nestleiar:
Sigmund Flaten
Tlf. 909 46 688
e-post: sjf@jolsterbb.no
Sekretær:
Haakon Breien
tlf. 918 43 034
e-post: haakon.breien@enivest.net
Styremedlemer:
Ove Eliassen
tlf. 902 59 490
e-post: oveel@online.no
Gunnulf Bjørnsen
Tlf.
Epost: gunnulf.bjornsem@gmail.com
(tok over for Bjørnsen i april)
Leiv Henriksbø
Tlf.
Epost: leivhenriks@gmail.com
Vara: (Leiv Henriksbø), Karin Bakke og Imke Schüren.
Revisorar: Arne Ingjald Lerum og Leif Longvanes.
Representant i landsstyret: Ove Eliassen, Leikanger. Vara: Marit Vøien Nes, Veitastrond
Valnemnd: Lin Hjelmeland Finjord og Randi Merete Haugland
Rådgjevarar: Erik Solheim og Jon Farestveit har ei «fri» rolle i laget og har bidrege med kunnskap og engasjement i mange saker.
Laget hadde 6 styremøte i 2016.
Fylkessekretær: Marit Bendz tok over stillinga etter Lin Hjelmeland Finjord i februar/mars i 50 prosent stilling. Ein mellombels intensjonsavtale med fylkeskommunen har delvis finansiert denne stillinga i 2016.
Arbeidsoppgåver har vore førebuing til styremøte, kontaktperson for laget på e-post og telefon, kommunikasjonsansvar i høve høyringar saman med Haakon Breien, informasjon til laget og ut til publikum. I stillinga inngår også budsjettarbeid og rekneskapsføring, søknader, gjennomføring av prosjekt, rapportering og drifting av Facebook-side (363 følgjarar per 22. februar 2017)
Nettsida: Drifta av Phillip Butler
Facebooksida: Oppretta og drifta av Marit Bendz
Medlemmer:
Naturvernforbundet Sogn og Fjordane hadde 530 medlemmer per 01.1.2016, og 534 per 01.01.2017.
Lokallag:
Lokallag Indre Sunnfjord revitalisert med Sigmund Flaten som leiar
Lokallag Eid
Vi har ikkje klart å skipe Lokallag Indre Sogn i 2016
Økonomi:
Laget har stabil økonomi. Intensjonsavtalen med fylket vert endra i 2017.
Rekneskap for 2016 og budsjett for 2017 vert lagt fram på årsmøtet.
PROSJEKT:
OLJEFRI, drifta av Sigmund Flaten, held fram i 2017
MØTEPLASSAR i Førde og Sogndal, Vøien Nes/Bendz, held fram i 2017
MINDRE MATSVINN: Samarbeidsavtale mellom mottakssenter og Coop i Førde om henting av mat på veg til søpla.
FLYKTNINGAR PÅ TUR, Bendz i samarbeid med turlaget, Røde Kors m fl. UDI-midlar
ANDELSLANDBRUK: Eitt prosjekt vart skrinlagt (Indre Øyrane), andre kan kome til.
MILJØPOLITISK ARBEID
Arrangement
02.03.2016 i Førde: Kampen om fjordane, film og debatt
06.04.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG: Klima med Carlo Aall
16.04.2016 i Førde: Den store klesbytedagen, i samarbeid med Omatt
26.04.2016 i Førde: NATURLEG TYSDAG: Klima med Carlo Aall
28.04.2016 i Førde: Sykkelfiksekveld med Grøn Kyrkjelyd
07.05.2016 i Førde: Strandryddedag med grillfest
06.06.2016 i Førde: Marknadsdag – stand og natur-quiz
12.06.2016 i Førde: SKAPARVERKETS DAG med Grøn Kyrkjelyd, frukost og appell
10.08: 2016 i Førde: Om Naturvernforbundet på Norsksenteret i Førde
27.08.2016 i Stryn: Flaggermusnatt v/Thorleif Jacobsen
09.09.2016 i Sogndal: Bålmøte: naturen i Sogn og Fjordane – bruk eller forbruk? Med FNF
28.09.2016 i Florø: SAMAN FOR SKAPARVERKET. Invitert av KFUM/KFUK
20.10.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG – Gang/sykkelveg til Årøy. Er i gang.
23.11.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG – Andelslandbruk. Er i gang.
29.11.2016 i Førde; NATURLEG TYSDAG Debatt. Kunstgras – ein miljøversting?
30.11.2016 i Førde: Faklar for Førdefjorden og appellar/støtte til aksjonistane som vart dømde
Medieoppslag
07. 01. Firda: NVF vil ha pengar på sperra konto (Fjordsaka)
08.02: NRK Erik Solheim skuldar Følling for å vere ugild (vindpark Bremanger)
xx.03: Sogn Avis: Earth Hour
24.04: NRK: Klesbytedagen
07.05: Firda: Strandryddedag
22.09. Firda og FørdeBy: Samarbeid mot matkasting mellom Coop og Øyrane mottakssenter
28.09: Firdaposten: Saman for skaparverket
12.10: NRK: Erik Solheim om kraftutbygging, krev stopp
26.10: Firda: Indre Øyrane-folkemøte
02.11. NRK/ABC Nyheter: Vøien Nes om hytte i Jostedalen nasjonalpark
30.11. Fjordabladet: Skal demonstrere mot fjorddeponi
08.12: Sogn Avis: Andelslandbruk i Sogn (Naturleg Onsdag)
I tillegg til mange oppslag om aksjonane mot fjorddeponi og ei lang rekke avisinnlegg.
Høyringsfråsegner og brev:
* Klage på vedtak i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre om løyve til å bygge turisthytte på Sunndalssetra i Stryn (FNF)
* Høyringssvar – framlegg til nye retningsliner for lokalisering av handel m.m.
* Tilleggsfråsegn etter klagebefaring Bremangerlandet vindkraftverk (FNF)
* Fråsegn om sakshandsaming knytt til planlegging av Via Ferrata i Hornelen (FNF)
* Kinsedal og Kveken kraftverk i Luster – tillegg til tidlegare fråsegn
* Konsesjonsuttale om Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal
* Konsesjonsuttale om Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal
* Merknader til delar av utkastet til regional planstrategi for Sogn og Fjordane
* Høyringsfråsegn til varsel om planoppstart Naustholmen i Flora (FNF)
* Utviding av Ytamo naturreservat i Luster
* Høyringsfråsegn – framlegg til kommunedelplan Langeset-Stryn-Storesunde
* Høyringsfråsegner – 12 småkraftverk og utviding/opprusting av tre kraftverk i Gloppen
* Høyringsfråsegn til endringssøknad for Offerdal kraftverk i Ytre Offerdalselvi og Indre Offerdalselvi, Årdal (FNF)
* Høyringsfråsegn til detaljreguleringsplan for Jokvihogen og Langhaugane, Jølster (FNF)
* Støtte til NVE si avgjerd om avslag til Bremangerlandet vindkraftverk (FNF)
* Klage på konsesjon til Nundalselvi kraftverk i Øvre Årdal (FNF)
* Varsel om oppstart av planarbeid med detaljreguleringsplan for Via Ferrata Hornelen, Bremanger (FNF)
* Detaljreguleringsplan for «FalkensteinB7-B11» i Førde kommune
* Kommentar til kommuneplanen, arealdelen for Davik, Bremanger kommune
20.04: Revidering av forskrift om taretråling
Oppsummering:
FJORDSAKA har kvilt litt sida aksjonane tidleg i 2016. Nokre av aksjonistane vart dømde i Sunnfjord Tingrett til store bøter i november, og vi arrangerte fakkeltog og samling i Viking etterpå.
SAMARBEIDET med FNF og dei andre organisasjonane knytt til FNF er godt. Mange arrangement er kome i stand i samarbeid med turlaget, men og Røde Kors, frivilligsentralen i Førde m.m.
MØTEPLASSAR i Førde og Sogndal var ambisiøst, men vi har klart to i Førde og tre i Sogndal. Vi treng fleire som kan stille opp begge stader, og gjerne andre stader i fylket, om vi skal klare å følgje opp.
Den nye fylkessekretæraen har hatt ein tendens til å ville litt for mykje i høve dei ressursane laget har…
Sigrane våre dette året (vert framlagt på årsmøtet):
Fylkesleiar Marit Vøien Nes