Årsmøte i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, seminar og middag

Velkomne til årsmøtet laurdag 25. mars 2017, kl 11 på Hafstad vgs, Førde. Etterpå, ca. kl 14, vert det eit seminar om temaet «Eit hav av plast». Det vert ein uformell middag på Pikant etter møtet og seminaret, kl. 18. NB! Følg Naturvernforbundet Sogn og Fjordane på Facebook https://www.facebook.com/naturvernforbundetsognogfjordane/?fref=ts

INNKALLING TIL ÅRSMØTE
Kl. 11.00 ÅRSMØTE på Hafstad vgs, Førde
Sakliste:
Sak 1: Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivarar
Sak 2: Godkjenning av innkalling, dagsorden og saker til eventuelt
Sak 3: Årsmelding:  det vert publisert på desse nettsidane og delt ut på møtet
Sak 4: Forslag til aktivitetsplan: Forslag til aktivitetsplan vert delt ut på møtet
Sak 5: Rekneskap og budsjett: Rekneskap og budsjett vert delt ut på møtet
Sak 6: Val
Sak 7: Eventuelt og innmelde saker
.
Frist for innsending av saker som skal handsamast på årsmøtet: 11. mars 2017
Send epost til sognfjordane@naturvernforbundet.dev06.dekodes.no
Kl. 18.00 ÅRSMØTEMIDDAG på Pikant, Førde: PÅMELDING til årsmøte/middag innan 18. mars 2017:

EIT HAV AV PLAST – ope seminar etter årsmøtet. Gratis for medlemmer.

14.00: FØRSTE BOLK: STODA

1.      NATUREN – livsgrunnlaget vårt. Jorunn Vallestad (fagrådgjevar NVF)
2.      HAVET. Plast på avvegar,.
Janne Bareksten (mastergrad i marin forsøpling)

3.      KJELDENE: Kunstgrasgranulat. Bildekkslitasje. Emballasje. Kle. Kosmetikk. Plastposar.

15.45: ANDRE BOLK: LØYSINGANE
1.      STRANDRYDDING Strandryddedag heile året. Pilotprosjekt i Sunnfjord

2.      PLASTSORTERING Repr. Frå SUM. SIMAS og NoMil

3.      ALTERNATIV TIL GUMMUGRANULAT

16.30: OPPSUMMERING/AVSLUTNING

Korleis jobbe vidare politisk? Inspirasjon til kva kvar og ein kan gjere sjølv.
 

16.30: OPPSUMMERING/AVSLUTNING

Korleis jobbe vidare politisk? Inspirasjon til kva kvar og ein kan gjere sjølv.