Årsmøte: Jon Farestveit fekk fornya tillit som leiar
På årsmøte i Naustdal laurdag 29. april fekk Jon Farestveit frå Sogndal fornya tillit som leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Med i styret er Ranveig Indrekvam, Naustdal, Marit Vøien Nes, Veitastrond, Ingrid Thunem, Eid (leiar Natur og Ungdom Sogn og Fjordane) og Leif Bjørnseth, Florø.
Fredag kveld blei Naturvernprisen 2006 delt ut til vernegruppa Vern Nausta med leiar Åsmund Berthelsen og resten av gruppa tilstades på festleg arrangement i Naustdal.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane rosa arbeidet vernegruppa for Nausta fekk utretta frå skiping i januar 2004 og fram til siger i februar 2005. Målet med arbeidet var og få Nausta-vassdraget inn i Verneplanen for vassdrag og dette greidde vernegruppa. Dette er ein siger som vil vekse med åra.(Grunngjeving ligg ved)
Naturvernforbundet kan elles sjå attende på eit aktivt år med arrangement og stor mengd saker innan småkraftutbygging og vindkraft. Søknad frå Småkraft AS om løyve til å byggje fem kraftverk og ny kraftline langs Fjærlandsfjorden er ei av dei mest omfattande utbyggingssakene. Markering motstand mot vindmøller på Stadlandet hausten 2005 var også ei viktig sak. Stadlandet er nasjonal naturarv og må vernast, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
Tre gode sigrar i fjor var at elva Nausta vart verna, Nærøyfjorden kom med på UNESCO si Verdsarv-liste og at miljøvernminister Helen Bjørnøy sa nei til helikoptertransport opp på fjellet ved Kalda-Kari.