Årsmøtesamling hjå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane på Leikanger
Årsmøtesamlinga hjå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane starta fredag kveld på Henjatunet i Leikanger og Naturvernprisen 2005 gjekk til vertskapet Marit Henjum Halsnes og Ingvar Halsnes.
Årsmøte var på Sognefjord hotell laurdag 16. april og 22 deltakarar møtte.
Nyvald leiar er Jon Farestveit frå Sogndal og med seg i styret har han Ranveig Indrekvam, Naustdal, Marit Vøien Nes, Veitastrond, Louis Anda, Sogndal og Astrid Kalstveit, Førde. Varamedlemer er Jan Hammersvik, Leif Bjarte Berge, Susanne Lee Husevåg (NU), Ellinor Friis og Hilde B. Gjørvad.