Bonde Nils Einar Kjøsnes i Jølster mottok Naturvernprisen 2004 fredag kveld
Det er Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane som deler ut prisen. I grunngjevinga for prisen får Kjøsnes ros for arbeidet han gjer for økologisk landbruk og småskala matproduksjon. Kjøsnes driv foredling av hjort, aure og spekemat frå geit heime på garden.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil rose Nils Einar Kjøsnes for det viktige arbeidet han gjer for økologisk landbruk og småskala matproduksjon. Nils Einar driv eigen foredling av spekemat frå geit og foredling av hjort og aure. Saman med andre lokale produsentar har han utvikla ?Jølstrapakken? med flatbrød, spekekjøt, rakefisk og hjortesteik . Han er oppteken av lokal produksjon av mat, såkalla ?kortreist mat? og har eige gardsutsal. I tillegg leverar han spekemat til nærbutikkar i Jølster.
Kulturlandskapet er Nils Einar Kjøsnes oppteken av. Han skjøttar dette landskapet ved å bruke geitene sine til beiting og såleis hindre attgroing. Han vil ta vare på gamle styvingstre i Kjøsnesfjorden og stelle almane og nytte lauv og bark, som dei gjorde i farne tider.
Nils Einar Kjøsnes er utdanna både innan landbruk og reiseliv og driv i tillegg til garden tre utleigehytter. Han steller godt med turistane og reklamerar med at her kan du bu i Nikolai Astrup sitt rike. Garden ligg vakkert til på Kjøsnes og Nils Einar har engasjert seg mot kraftutbygging i Kjøsnesfjorden, som vil gi sterkt redusert vassføring i fleire store elvar i nærområdet. Han vil at turistar og farande folk skal få sjå og oppleve ?Astrup-motiva? og høyre fossane bruse i urørd vill natur. Nils Einar Kjøsnes vil såleis sameine bruk og vern og spele på lag med naturen. Han veit kva turistane vil ha og har godt besøk av sportsfiskarar, som vil fiske i elvane i Kjøsnesfjorden. Likeeins kjem turistar som vil oppleve fred og ro, vassrike elvar, mektige fjell og tur på breen, og Nils Einar vil gje dei det beste og ekte!
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil gje Naturvernprisen 2004 til Nils Einar Kjøsnes. Vi tykkjer nytenkinga og mangfaldet i arbeidet han utføre på garden er prisverdig og verdifullt for bygda, Sogn og Fjordane og alle turistane som besøkjer Jølster.
Lukke til vidare!
Med helsing Styret i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Torleif Jacobsen, Liv Norunn Hamre, Jon Farestveit, Lisbeth Dahle og Astrid Kalstveit