Ekstramidlar frå fylket
I løpet av nokre få veker har Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane betalt ut 100 kroner pr sekk søppel, sanka på strender og andre stader.

Brått var dei 30 000 kronene som Sparebankstifting løyvde borte. Entusiastiske folk held fram med å rydde, medan vi ventar på eit nytt vedtak i stiftinga. Over 40 aksjonar er meld inn til no.
Og i dag ringde klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal frå Fylkeskommunen og lova 30 000 kroner ekstra. Dermed kan vi halde fram med å betale ut pant inntil vidare. Panteordninga omfattar dei sju kommunane i SUM, som saman med Hold Norge Rent registrerer og administrerer ryddeaksjonar og henting/levering av søppelet.
«Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, ved fylkesmiljøvernsjef Nils-Erling Yndesdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved plansjef Synnøve Stalheim og klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal, går saman for å bidra til midlar til panteordninga dykkar. Vi ynskjer å stille med til saman 30 000kr, medan Sparebankstiftinga evaluerer sitt vidare engasjement. Vi meiner prosjektet er godt, og det har engasjert innbyggjarane, lag og organisasjonar rundt i heile fylket. Panteordninga med 100 kr pr.sekk har truleg vore med å bidrege til dette. Prosjektet er godt i gang, og vi ynskjer at det ikkje mister moment pga. at midlane er brukt opp. Difor stiller vi med 30 000 kr, så de har høve til å betale ut pant til dei som ventar på dette, og auke sannsynet for at planlagde aksjonar vert gjennomført.»