Klagar på vedtaket om løyve til tre helikopterlandingsplassar
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane klagar på vedtaket i Luftfartstilsynet om å gje Helikopterutleie AS løyve til tre helikopterlandingsplassar i Stryn. Grunngjevinga for klagen er i hovudsak: Vi meiner avgjerda er i strid med forvaltningslova § 17 ved at saka har vore for dårleg opplyst før vedtak fordi fleire allmenne omsyn som vi har gjort…
Luftfartstilsynet har innsnevra grunnlaget for vedtak i urimeleg og usakleg grad ved å definere dei allmenne interessene i saka som lokale. Viktige moment, som omsynet til fuglelivet og anna dyreliv, støyplager for andre enn dei fastbuande og omsynet til nasjonalparken, har etter vedtaket å dømme ikkje vore med i konsesjonsvurderingane, som dermed byggjer på eit for snevert saksgrunnlag og er i strid med kravet i § 25 i forvaltningslova.
Desse manglane meiner vi er så alvorlege at dei må føre til at vedtaket vert oppheva for dei tre landingsplassane vi har nemnt, seier leiar Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei fråsegn.
Naturvernforbundets høyringsfråsegn om løyve til tre helikopterlandingsplassar