Naturvernprisen 2005 vert tildelt Marit Henjum Halsnes og Ingvar Halsnes
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil rose Marit Henjum Halsnes og Ingvar Halsnes for det viktige arbeidet dei gjer på Henjatunet. Marit og Ingvar skapar berekraftig bygdeutvikling og held kulturlandskapet og naturen i hevd. Og dei marknadsfører bygdeturisme på ein særs kreativ og aktiv måte.
Eggjagarden på Henjatunet har fem bein å stå på. Fruktdyrking og sauehald står for primærproduksjonen. I tillegg kjem turisme med gardsrestauranten, grøn omsorg og Marit si deltidsstilling som ringleiar. Eggjagarden er såleis eit glimrande eksempel på korleis ein kan halde liv i gardsdrift, i ei tid der utviklinga favoriserar store og spesialiserte industribruk. Denne garden byggjer på mangfald, slik dei gjorde for å overleve før i tida. Vi tykkjer mangfaldet i det kreative arbeidet dei utføre på Eggjagarden er prisverdig og verdifullt for bygda, Sogn og Fjordane og alle som besøkjer Leikanger.

Ingvar Halsnes og landsleiar Erik Solheim ute under velkomsten festmiddag

Litt av festlyden ved eldstaden