Seier nei til vindmøller på Stad
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane seier nei til vindmøller på Stadlandet. Grunnen er at Stadlandet blant anna er tilhaldsstad for kring 30 truga fugleartar.
Akkurat den prikken av norgeskartet er eit område med spesielt landskap, og då må ein tenkje seg litt om, seier Torleif Jacobsen, som er leiar for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Les meir i oppslag på NRK Sogn og Fjordane, sjå lenke. Du kan og lese heile fråsegnet frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.