– Småkraftverk ikkje det same som små inngrep
– Mange småkraftverk på same området kan gjere stor skade på naturen, åtvarar leiar Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Han meiner det er altfor lett å byggje såkalla småkraftverk.
– Norges vassdrags og energidirektorat, som gjev løyve for slike kraftverk, er altfor slepphendte, seier Farestveit. Han fryktar at naturinngrepa blir store og at fleire av dei finaste fossane våre vil forsvinne om utviklinga held fram som i dag.
– Det verkar som utbyggjarane får klårsignal bortimot automatisk. Eg kjenner ikkje til at det er gjevi avslag. Samstundes blir omsøkte prosjekt større og større. Dette kan ikkje halde fram. No må NVE byrje å seie nei, krev fylkeslagsleiaren.
Les sak på nrk.no Norges Naturvernforbund si temaside: Energi og klima Tips ? slik sparar du straum no