Sogn og Fjordane må bli prøvefylke for produksjon av bioenergi

Sogn og Fjordane Turlag har gjort framlegg om å gjere fylket vårt til prøvefylke for produksjon av bioenergi, og har i samanheng med dette oppmoda m.a. stortingsrepresentane våre om å arbeide for dette. Dette er eit tiltak som Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil støtte fullt ut. Sogn og Fjordane skulle ha gode føresetnader for…

Men det trengst eit samarbeid mellom statlege etatar sentralt og i fylket, næringsorganisasjonar og fylkesetatar for å få fart på produksjon, distribusjon, sal og marknadsføring av denne fornybare energiforma.

Naturvernforbundet har i lengre tid ivra for meir bruk av ulike former for bioenergi i staden for å bygge ut meir vasskraft og nytte ureinande og ikkje fornybare energikjelder som olje. La Sogn og Fjordane bli eit føregangsfylke for å få til dette, og hermed kjem også ei kraftig oppmoding til stortingsrepresentantane våre og andre om å gjere ein kraftinnsats for miljøet med tilretttelegging av mykje meir bruk av bioenergi!

Fråsegn vedteken på årsmøtet i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane 29/4-06.