Velkomen til skogseminar i Yttrismorki, i Fortundalen 18.-19. juni
Velkomen til treff i «trollskogen» i Yttrismorki fredag 18.-19. juni. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane arrangere skogtreff i Yttrismorki i Luster. Vil du verte betre kjend med dei digre gamle og unike furuene i denne skogen, er du velkomen fredag og laurdag.
Program fredag 18. juni
Kl. 20.00 avgang frå Sverre Yttri sin buplass øvst på Ytri til stølsområdet Lønningane (600 m o.h.). Vi går på god sti opp i bratt lende i ca. 1,5 t. På stølsvollen er det god plass til telt og overnatting. Der er tilgang til vatn ute og enkel kokeplass inne i stølsbu (dei som kjem seinare spør etter stien hjå fastbuande).
Etter framkome og telting på Lønningane vert det enkel suppeservering. Det vert rikeleg høve til prat, eting og bli kjent med folk og landskap. Song og spel frå frivillige.
Overnatting på stølsvollen
Program laurdag 19. juni på stølsområdet Lønningane
Kl. 9.30 – 10.30 Frukost i det grøne
Kl. 11.00 Sverre Yttri ynskjer velkomen
Kl. 11.15 Opning av naturforvaltar, Luster kommune, Christian Hillmann
Kl. 11.30 Skogøkologi, skogbruk og biologisk mangfald v/ Rein Midteng, rep. frå Naturvernforbundet sitt Skogutval
Kl. 12.30 Ut på vandring, inn i skogen, med kjentmann Sverre Yttri. Johannes Anonby, miljøvernkonsulent hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, er med. Han syner oss si interesse og sin kunnskap om bark og lav, fugl og insekt og gir oss innblikk i skogen sine naturrikdomar.
Kl. 15.00. Avslutning og heimreis.
Dei som har interesse kan vandre i skogen og sjå og oppleve naturen resten av laurdagen. Det er også fantastiske turområde og hytter til overnatting i Fortundalen og på Sognefjellet. Bruk helga i fjellheimen i Luster, om det høver.
Praktisk informasjon:
Overnatting/ utstyr: Telt til deg og dine. Sovepose, liggeunderlag og toalettsaker m.m.
Mat: Ta med all mat og drikke du treng denne kvelden og laurdag. Suppe kjem som attåtnæring.
Anna utstyr: Gode sko, yttertøy, varme klede(ull), tjukke sokkar og anna du treng på kroppen. Regnklede ?
Utstyr til matlaging, bestikk, tallerken og kopp.
Mat til kvelds, frukost og niste.
Lommelykt, sitjeunderlag, lupe, bøker, munnspel , fløyte m.m
Korleis kjem du til Ytri?
Du køyre frå Sogndal/ eller kjem over Sognefjellet frå Lom til Fortun sentrum og tek av på vegen til Fortundalen. Du køyre ca. 2 km innover dalen og kjem til Fortun kraftverk. Ta mot venstre over elva og inn på vegen opp til Sverre Yttri, som bur lengst oppe av tre gardshus (ca. 800 m). God parkering ved huset.