Verneplan for myr i Sogn og Fjordane – høyringsfråsegn
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har lese høyringsutkastet til verneplan for myr i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer først å gje vår støtte til arbeidet med vern av myr i fylket, og vil seie oss nøgde med at dette arbeidet nå er i ferd med å få praktiske konsekvensar i form av vern av konkrete…
Vi har nokre generelle synspunkt på vern av myr i Sogn og Fjordane:
Framlegga til vern av myr bør også kunne omfatte areal med annan vegetasjon som naturleg høyrer saman med myra.
Myr er ein naturtype som typisk opptrer i mosaikk med andre typar av vegetasjon, t.d. lynghei og skog. Det er i ein del tilfelle nødvendig å inkludere ulike typar fastmarksareal i verneframlegga for at sjølve myrareala ikkje skal misse verdi. Dette er tilfelle mellom anna i verneframlegg 5 Tvinna og verneframlegg 21 Øydalen.
Våtmarksareal som myr er avhengig av at hydrologien i området vert tatt vare på, og det er derfor viktig å skjerme større område mot ulike inngrep. Det kan også vere rett å inkludere kantsoner i verneframlegget for å unngå inngrep som vil verke skjemmande på landskapsbiletet, som til dømes i verneframlegg 5 Tvinna.
I andre tilfelle ligg myra i område som også har andre store verdiar, som til dømes i verneframlegg 19 Gjerlandsøyane der myra ligg i eit ferskvassdelta, ein naturtype som i seinare tid har fått stadig større fokus og som i dag er rekna som truga både nasjonalt og internasjonalt. Det er ikkje sett i gang nasjonale verneplanar for elvedelta, men ein måte å sikre både myra og deltaet på, er å legge grensene for verneframlegget slik at begge naturtypane vert tatt vare på. Den same argumentasjonen kan nyttast der verneframlegga representerer inngrepsfrie område, t.d. verneframlegg 21 Øydalen.
For å unngå uheldige inngrep i verdifulle myrer kan ein vurdere å opprette landskapsvernområde.
I enkelte av verneframlegga er det inkludert større areal som ikkje er dekte av myr, men som er vurdert som viktige for å skjerme dei føreslåtte områda mot inngrep. Dersom ein ikkje finn å kunne inkludere desse areala i verneplanen, meiner Naturvernforbundet at ein bør vurdere å gje delområda status som landskapsvernområde. Dette gjeld til dømes i delområde A i verneframlegg 21 Øydalen og i delområde B og C i verneframlegg 17 Myklebustdalen. Etter vårt syn kunne dette også vere ein måte å ta vare på andre naturtypar som er lokalisert i nærleiken av verdifulle myrareal. Eit godt døme er verneframlegg 9 Eldedalen, der det ville være ei føremon å ta vare på den interessante og verdifulle gamle lauvskogen med raudlisteartar som veks i lisidene rundt det føreslåtte området.
I område med slåttemyr bør vernestyresmaktene arbeide for å oppretthalde, eventuelt restaurere dei gamle kulturmarkstypane.
Slåttemyr er rekna som eit nasjonalt verdifullt kulturlandskapselement, og slike areal er i sterk tilbakegang i dagens landskap. For å ta vare på dei store, biologiske verdiane i slike område er det heilt nødvendig å gå inn med skjøtselstiltak (i ein del tilfelle vil det vere nødvendig å starte med restaurering av områda i forkant av skjøtselen). Dette gjeld mellom anna i verneframlegg 5 Tvinna. Vi vil oppmode grunneigarane og vernestyresmaktene om i samarbeid med landbruksstyresmaktene å arbeide for ei tilrettelegging av skjøtsel, særleg myrslått. Slike tiltak bør etter vårt syn falle inn under STILK-ordninga.
I enkelte av områda, som i verneframlegg 2 Setremyrane, ligg det også kulturminne som til dømes torvhus og torvhesjer i tilknyting til myrareala. Desse interessante kulturminna bør også takast vare på gjennom tilskot frå til dømes STILK.
Det er ikkje mogleg å gjennomføre vern av dei mest verdifulle myrområda utan å komme i konflikt med næringsinteresser.
Ifølgje DN-håndbok nr 13-1999 er all myr i låglandet under sterkt press og i tilbakegang, og i den kommunevise registreringa av biologisk mangfald vert det tilrådd at alle større ugrøfta myrområde i boreonemoral og sørboreal sone vert registrerte. Dette vil i praksis seie alle myrer i låglandet opp til ca 500 m o. h. I dette området er også landbruksaktiviteten størst, og det er ikkje til å unngå at næring og verneinteresser kan komme til å støyte saman i enkelte av dei føreslåtte områda. Vi vil oppmode vernestyresmaktene om å la omsynet til naturverdiane vege tungt i dei avvegingane som skal gjerast. Samla utgjer dei føreslåtte områda eit svært lite areal, og som jordbruksområde har dei i ein del tilfelle liten reell verdi. Sjølv om nydyrkingsforskrifta frå landbruksstyresmaktene etter intensjonane skal ta omsyn til naturverdiar og ikkje opnar for oppdyrking av til dømes verdifulle myrer, er det mange eksempel på at det vert gitt dispensasjon frå lover og reglar i slike høve, slik at område utan formell vernestatus vert øydelagde og forsvinn.
Naturvernforbundet har elles desse merknadene til enkelte verneframlegg:
Verneframlegg 5 Tvinna
Naturvernforbundet meiner at heile det føreslåtte området må inkluderast i verneplanen.
Sjølv om delområde A ikkje er eit reint myrområde, er det etter vårt syn viktig å inkludere dette arealet i verneplanen som ei buffersone mot inngrep som vil ha uheldig verknad på dei mest verdifulle områda.
Delområde B omfattar det største og mest velutvikla slåttemyrsarealet i området. Etter vårt syn bør deler av Tvinna-området skjøttast på tradisjonelt vis med myrslått, og da vil truleg delområde B vere eit aktuelt område på grunn av at det ligg nær fylkesvegen og er lett tilgjengeleg.
Delområde C omfattar både myr og fastmark, og har ei sentral plassering i det føreslåtte området. Naturvernforbundet går inn for å oppretthalde område C i verneframlegget for å unngå vegbygging inn i kjerneområdet av det verna området. Område C omfattar dessutan noko rikmyr som er særleg viktig å ta vare på.
Verneframlegg 9 Eldedalen
I Eldedalen er fleire ulike naturverdiar til stades i eit avgrensa område, både den meandrerande elva, eit stort og velutvikla mangfald av myrtypar og verdifulle gammalskogsområde. Etter Naturvernforbundet sitt syn burde ein nytta høvet til å ta vare på alle desse elementa ved å utvide grensene for verneområdet til også å omfatte delar av den gamle lauvskogen som kler lisidene i Eldedalen. Alternativt kunne ein opprette landskapsvernområde rundt myrområdet der ein tek vare på denne skogslokaliteten.
Vi er sterkt kritiske til at Fylkesmannen har gitt løyve til bygging av ein landbruksveg som deler det elles intakte området i to. Etter det vi er kjende er det et vilkår for økonomien i dette vegprosjektet at den gamle verdifulle lauvskogen i dalføret vert hogd ut og erstatta med gran. Vi finn det heilt uakseptabelt at inngrep i èin verdifull naturtype samstundes forutset inngrep ein annan verdifull naturtype. Etter vårt syn ville det beste vere å vurdere eit så mangfaldig og spesielt område som Eldedalen under eitt og lage ein heilskapleg plan for å ta vare på alle kvalitetane her.
Verneframlegg 19 Gjerlandsøyane
Myrene ved Gjerlandsøyane er ein del av eit større, relativt intakt elvedeltaområde som er registrert i DN si oversikt over verdifulle elvedelta. Naturvernforbundet er kjent med at det er søkt om oppdyrking av myrareal både innanfor området som er foreslått i verneframlegget og i ei myr som ligg 5-600 m lenger opp langs elva. Begge desse myrområda ligg innanfor eit samanhengande område med myr, flaummarksskog og sumpskog i tillegg til mindre areal overflatedyrka beitemark. Gjerlandsøyane er verdifullt både på grunn av dei ulike vegetasjonselementa som inngår, og på grunn av at dei representerer den truga naturtypen ferskvassdelta. Etter vårt syn burde grensene for naturreservatet vore utvida til å omfatte heile det samanhengande området, det vil seie at framlegget burde omfatte eit større areal enn det gjer i dag. Vi meiner at dei føreslåtte grensene er for snevre slik dei er, og vil sterkt rå vernestyresmaktene frå å utelate delområda som er omtalt i verneframlegget.
Verneframlegg 21 Øydalen
I Øydalen er tre delområde skilt ut. Naturvernforbundet vil rå til at ein i alle fall held fast på område B og C i verneframlegget, medan område A kunne gå inn i eit landskapsvernområde som ein buffer for naturreservatet. Område B og C ligg sentralt i det føreslåtte området, og ei eventuell utelating av desse vil føre til at ein vil miste samanhengen i det urørde landskapet. Område C representerer lågareliggjande myr, som i følgje retningslinene til DN høyrer til truga naturtypar av stor verdi og derfor skal prioriterast i den kommunevise registreringa av biologisk mangfald (DN-håndbok nr 13-1999). At området er stort og samanhengande gjev ein ekstra verdi til myrreservatet. Eventuell vegbygging i delområde B vil også gje negative konsekvensar for heilskapen i verneområdet, og skogsdrift i området vil vere uheldig for myrreservatet.
Med helsing
Astrid Kalstveit (sign.)