Beverjakt i Orkland – høyringsuttale frå Naturvernforbundet
Det er foreslått forskrift for beverjakt i heile Orkland. Vi sendte høyringsuttale 20.12.2020, og er kritiske til å innføre nærings- og rekreasjonsjakt på bever i Orkland kommune. For å forvalte bestanden, meiner vi at det må vera tilstrekkeleg med skadefelling etter at alle relevante førebyggjande og avbøtande tiltak er prøvd ut og omfanget av skadar er vesentlege. Dersom det blir jakt, går vi inn for vern langs Orkla, vern av beverhytter i perioden april-juni når det er avhengige ungar i hytta, og redusert jakttid om våren.
Dyrearter21.12.2020