Slåttedag på Bjørndalen 23. august 2020
Bjørndalen gard ligg vakkert og fritt, med utsikt mot Grytdalen, og er eit fint turmål frå Fjellkjøsvatnet og frå Songli. I 2015 starta vi arbeidet med å gjera Bjørndalen til eit enno betre turmål og å ta vare på den utryddingstruga naturtypen slåttemark rundt Bjørndalen. Vi har rydda og slått kvart år, og 23. august 2020 er årets slåttedag, og 5. året med rydding og slått, vi og ønskjer alle hjarteleg velkomne.
Naturglede12.08.2020