Brosjyre om Remmafjellet
Naturvernforbundet i Trøndelag og Norsk Ornitologisk forening har gjeve ut brosjyre om Remmafjellet i Snillfjord/ Orkland (november 2019) Statkrafts konsesjon for vindkraft krev at anlegget skal vera i drift innan 1. oktober 2020, noko som ikkje er mogleg. Vi hevdar difor at det ikkje finst gyldig konsesjon for Remmafjellet. Statkraft har søkt om utsetting av frist for igangsetting til 31.12.2024, ein søknad vi meiner at må bli behandla som ny søknad, med full konsekvensutgreiing som ny søknad.