Må få konsekvensar for vindkraftsatsinga
Regjeringa har skrota Nasjonal ramme for vindkraft. Høyringane viser massiv motstand mot vindkraft på land og Naturvernforbundet i Trøndelag krev at alle gjevne konsesjonar må bli vurdert på ny.
Etter at høyringsfristen for Nasjonal ramme for vindkraft gjekk ut 1.10. tok det 17 dagar før regjeringa meldte at forslaget blir lagt bort. Det blir altså ikkje noka politisk handsaming av forslaget, og vi kan frykte at det heller ikkje blir noka systematisk oppsummering av dei høyringane som er sendt inn. Naturvernforbundet i Trøndelag har lenge vore klar på at Noreg ikkje trenger meir utbygging av energiproduksjon for å erstatte fossil energibruk. Legg vi saman det som kan bli frigjort og produsert ved sparing og effektivisering, overskot, oppgradering av eksisterande vasskraft, og auka nedbør, vil det i det minste ta 20 år før ein treng å vurdere om det trengs ny energiproduksjon.
Når regjeringa må legge bort forslaget til ramme skuldast det at høyringane gjev uttrykk for ein massiv motstand mot vindkraftutbygging på land. Siste året har folk rundt i landet vakna etter å ha sett kor øydeleggande denne vindindustrien er for landskap og natur. Vi krev nå at OED går systematisk gjennom alle høyringar og at dei blir lett tilgjengelege for alle. Høyringsuttalane representerer til saman stor kunnskap om naturverdiar og lokale vurderingar av natur, friluftsliv og landskap, som det er viktig å oppsummere og ta vare på for ettertida.
Når selskap som Stadtwerke München investerer i vindkraft på Sørmarkfjellet, Stokkfjellet og på Frøya, er det ikkje for å dekke norske behov, men for at dei kan late som at München by blir forsynt med fornybar vindkraft frå Noreg. Den fysiske energien i München vil ha like mykje kolkraft og kjernekraft i seg, både før og etter at vindkrafta i Noreg er bygd ut.
Men, vindkraftselskapa har ikkje tenkt å gje opp og regjeringa seier heller ikkje at det skal bli slutt på utbygging av vindkraft i Noreg. Sjølv om høyringane ikkje er systematisk oppsummerte, kan vi nå likevel slå fast at det er blitt gjeve konsesjonar der konsekvensane er særs dårleg kartlagde. Sjølv om anlegga har dramatisk innverknad på naturmangfald, liv og helse, er det likevel gjeve konsesjon for utbygging. Mykje av kunnskapsgrunnlaget som er presentert bak forslaget til ramme, viser at dei fleste av dei utbyggingane som nå føregår ikkje skulle fått konsesjon dersom ein hadde tatt omsyn til natur og samla innverknad. Regjeringa seier nå at dei skal sjå på grunnlaget for konsesjonar, m.a. at tida frå konsesjon til utbygging må kortast ned. I Noreg er det nå 93 prosjekt som har fått konsesjon. Av desse er det 17 anlegg under utbygging og 10 har fått godkjent planar for å sette i gang. I tillegg er det 25 prosjekt der tiltakseigar har meldt om at prosjektet er stilt i bero. Alle anlegg kjem i områder utan tidlegare inngrep og med store naturverdiar. Det er dette som har gjort at folk har vakna.
Regjeringa seier nå at dei skal sjå på grunnlaget for konsesjonar og skattesystemet for energianlegg. Sjølv om det er god grunn til at vindkraftanlegg skal bli skattlagt på same måte som vasskraft, kan det verke som målet her er at kommunane skal bli meir positiv til å gje frå seg naturen.
At det blir endring på vilkår for konsesjon er bra. Då krev vi at det må bli stilt høgare krav til omfang og kvalitet på konsekvensutgreiingar og at desse får avgjerande vekt. Slik det har vore til nå er det vind og tilgang til nett som har vore avgjerande. Noreg treng verken ramme eller plan for utbygging av vindkraft på land. Nå må kampen rattast inn mot å få stoppa dei 65 anlegga som ikkje er sett i gang. I Trøndelag er det ikkje for seint å få stoppa for eksempel Remmafjellet og Innvordfjellet. Det er det heller ikkje på Frøya, i Sørmarkfjellet og Stokkfjellet, der ennå ikkje alt er øydelagt.