Nei til meir vindkraft i naturområder
Trøndersk natur er allereie sterkt dominert av vindindustri med dei anlegga som er i drift og under utbygging. Dersom ny vindkraft skal byggast i Trøndelag må dette skje i områder med allereie eksistrende infrastruktur.
Naturvernforbundet i Trøndelag ber i sitt høyringsfråsegn til nasjonal ramme for vindkraft om at alle naturområde i Trøndelag blir ekskludert som område for vidare utbygging.
Trøndelag er og vil bli dramatisk påverka av vindindustrien. Dersom dei som er gitt konsesjon og dei som er til behandling blir bygd, vil 385 km² av Trøndelag bli varig endra for all framtid. Det meste av dette arealet er inngrepsfritt kystlandskap. Anlegga i Roan og Storheia illustrerer kor dramatisk landskapet blir endra. Viktig beiteareal for reindriftsnæringa går tapt saman med sårbare og raudlista arter. I tillegg til arealet for vindindustrien vil nye kraftliner krevja areal og skape ny øydelegging miljø. Berre Storheia-utbygginga som legger beslag på 40 km2 inngrepsfri villmark, vil det bli bygd nye vegar på i alt 60 km. Generelt står det i konsesjonsvilkåra at etter at halve konsesjonstida er gått, skal eigaren stille garanti for at turbinar blir demontert og område rydda og tilbakeført. Dette vilkåret er langt på veg utan meining fordi vegar med fjellskjeringar og fyllingar vil vera der i alle framtid.
I tillegg til anlegga som er i drift og under bygging er det 8 større prosjekt som er til behandling.
I konsesjonsvurderingane er miljø og nedbygd natur berre summarisk behandla. Naturvernforbundet krev at kostnadene ved øydelagd villmark og tap av biodiversitet tas med, og at prosjekta får en samfunnsøkonomisk vurdering. I dei fleste saka som Naturvernforbundet har jobba med har også fagetater godt mot konsesjon, men ikkje vorte høyrd av OED og NVE.
Sats på energieffektivisering
Vi oppfattar det slik at målsettinga med ramme for vindkraft er å skaffe meir fornybar energi, slik at inngrepa som følgjer av ytterlegare utbygging av vindkraft må bli vurdert opp mot alternative metodar for å skaffe meir fornybar kraft. Ei slik utgreiing er spesielt viktig i Trøndelag, på grunn av dei store inngrepa som allereie er/kjem i Trøndelag på grunn av vindkraft.
Naturvernforbundet i Trøndelag krev difor at det må bli greia ut om potensialet for frigjering av fornybar energi i Trøndelag gjennom tiltak for energieffektivisering, og auka produksjon i gamle vasskraftverk gjennom effektivisering. I ei slik utgreiing må ein få fram potensialet for frigjort og ny kraft gjennom energieffektivisering og samtidig få fram kor stor redusert skade på naturmangfaldet ein får ved å satse på energieffektivisering i staden for ny vindkraft på land i Trøndelag.
Kontakt: Magne Vågsland, leai Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag – tlf: 926 24 086.