Trønderenergi – den største trusselen mot inngrepsfri natur i Trøndelag
«Naturvernforbundet anklager Trønderenergi for å være fylkets største ødelegger av inngrepsfri natur. 205 kvadratkilometer med urørt natur kan gå tapt, ifølge en undersøkelse. Vi gjør ingenting ulovlig, svarer Trønderenergi som mener at prosjektene under planlegging ikke burde være tatt inn i undersøkelsen.» NRK 03.09.2019
Ille i 2012
Naturvernforbundet i Sør Trøndelag gjorde i 2012 ein systematisk gjennomgang av dei vindkraft¬an-legga, gjennomførte og planlagde, som Trønderenergi var engasjert i og kom til eit tap på 122 km2 inngrepsfri natur. Dette omfatta ikkje alle anlegga i Trøndelag, men dei fleste. Det som er spesielt, var at anlegga til Trønderenergi var systematisk plasserte i område som «nasjonale retningslinjer for lokalisering av vindkraft» sa at ein skulle unngå.
Verre i 2019
I 2019 har Naturvernforbundet i Trøndelag gjort ein ny, systematisk gjennomgang av alle vindkraft-anlegga der Trønder¬energi er eigar eller deleigar (i drift, under bygging, eller har søkt om konsesjon på), og påviste denne gongen eit samla tap på 205 km2 inngrepsfri natur. I tillegg kjem anlegg som er under planlegging. (I tillegg er det også andre aktørar).
Då Trønderenergi vart konfrontert med Naturvernforbundets undersøking i NRK 3. september 2019 var svaret «Vi gjør ingenting ulovlig». Med andre ord aksepterer Trønderenergi at talet på tap av inngrepsfri natur er korrekt, sjølv om dei meiner at planlagde anlegg ikkje burde ha vore med.
Enorme tap på landsbasis
28.05.2019 rekna Miljødirektoratet ut eit tal på landsplan på tap av inngrepsfri natur:
«Bygd (5,5 TWH) , planlagt (17 TWh) og potensiell (30 TWh) vindkraft vil dermed tilsammen berøre 630 km2 inngrepsfri natur.» Med andre ord at 53,5 TWh vil medføre eit tap på 630 km2 inngrepsfri natur om alt blir bygget ut.
Når vi ser at aktiviteten til Trønderenergi aleine kan føre til eit tap på 205 km2 inngrepsfri natur i Trøndelag, er det openbart at Miljødirektoratet har rekna alt for lågt. Det er grunn til å tru at det reelle talet på tap av inngrepsfri natur på grunn av 53,5 TWh vindkraft vil vera skyhøgt over 630 km2 på landsplan.