-Uakseptabelt med tre nye vindindustriområder

NVE har i dag lagt fram si ramme for områder som der dei vurderer det som egna for vidare utbygging av vindkraft på land.

I rapporten ser vi at dei fleste av utbyggingane som er i gang eller har fått konsesjon ikkje er innanfor slike områder. Hadde dette kartet vore presentert tidlegare kunne både Frøya, Sørmarkfjellet og Innvordfjellet vore spara. Vi vil ikkje akseptere at endå større delar av Trøndelag blir bygd ned. Naturvernforbundet i Trøndelag er svært skuffa over at enda meir av fylket blir opna for vindkraft. Med utbygginga på Fosen har Trøndelag ofra nok områder og det er heller ikkje behovet for omstilling og elektrifisering som krev meir utbygging i Norge. Av rapporten ser vi og at bare med det som er under utbygging i 2018 vil produksjonen av elektrisitet i Norge auke med 6,9 TWh. Det betyr at neste år kan vi rekne med at Norge vil ha eit overskot på elektrisitet på meir enn 20 TWh.

Det er visjonen om at kundar i EU vil betale for denne energien som ligger bak ønske om meir utbygging seier leiar i Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag, Magne Vågsland.

Trøndelag er allereie dramatisk påverka av vindindustrien. Dersom dei anlegga som er gitt konsesjon og dei som er til behandling blir bygd, vil 385 km² av Trøndelag bli varig endra for all framtid. Det meste av dette arealet er kystlandskap utan inngrep. Anlegga i Roan og Storheia illustrerer kor dramatisk landskapet blir endra. Viktig beiteareal for reindriftsnæringa går tapt saman med sårbare naturområde.

Det er totalt uakseptabelt at tre nye store områder blir peika ut som egna for vindkraft. Dette er områder med stor naturverdi, og to av dei er og viktige for den sørsamiske reindrifta, seier Vågsland. Eit av dei få større områda utan inngrep rundt Reinsfjellet / Brungmarka kan bli borte dersom området Indre Sør-Trøndelag blir opna for vindkraft. Vi veit at den viktigaste grunnen til at arter blir borte er tap av areal.

Naturvernforbundet i Trøndelag kravde i si høyring til nasjonal ramme ein stans i vindkraftutbygging i trøndersk natur på grunn av samla belastning. Naturvernforbundet i Trøndelag lovar å halde fram med å markere og organisere motstanden mot den raseringa som vindindustrien representerer i Trøndelag seier Vågsland. Nå vil vi krevje at alle anlegg som er under behandling, blir stilt i ro inntil den nasjonale ramma er ferdig behandla.

Kontakt:
Magne Vågsland, leiar Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag – tlf: 926 24 086
Kari Merete Andersen, styremedlem i Naturvernforbundet i Sør-Trøndleag – tlf: 928 21 700

Les mer: Innspill til nasjonal ramme fra Naturvernforbundet i Trøndelag