Vardebrenning mot vindkraft 8. oktober 2019
Ein landsfemnande aksjon med vardebrenning mot vindkraft i norsk natur. Det var vardar fleire stadar i regionen, og folk på Orkanger kunne sjå bålvarselet frå Raudhåmmaren. I vår region står kampen spesielt om å forsvare Remmafjellet i Snillfjord mot inngrep. Vi reknar med at Svarthammaren er berga etter det klåre vedtaket mot inngrepet i Snillfjord…

Terje Staveli og Johan Randahl laga eit stort bål som vart godt synleg over store delar av Orkanger og Råbygda. Ein verdig protest mot den massive nedbygginga av norsk natur.